Status frå twitter (@unidrift)

[ap-twitter-feed]

For planlagt vedlikehald, sjå kalendaren nedanfor. Ved å halde musepeikaren over ein dato vil du sjå fleire detaljar.

[calendar id=»836″]

Dersom du vil ha driftskalendaren vår i eigen kalendar, kan du gjere det. Vi baserar oss på Google calendar, og dette er ICS-lenka du må bruke. Dersom du brukar Google kalender sjølv, er denne hjelpesida nyttig.

Kva betyr vedlikehald? Vil eg merke noko til det?

Når vi gjer endringar i HyperSys’ programkode (t.d. utviklar nye funksjonar eller gjer endringar på eksisterande), må vi leggje ut ein ny versjon av HyperSys. Normalt sett vil du ikkje merke noko til dette, men for å vere sikker så har vi «vedlikehaldsvindauger» kvar månad. Veldig sjeldant blir det òg «rulla ut» programkode utanom, t.d. ved kritiske feil.

Sannsynlegvis legg du ikkje merke til det, dei aller aller fleiste oppdateringar tek under eitt sekund. Vi anbefalar dog at du ikkje planlegg store oppgåver som å hente ut medlemsliste, utsending av melding og liknande når vi har vedlikehald.

Får vi varsel?

Planlagt vedlikehald blir ikkje varsla, men du kan sjå i kalendaren. I tillegg tilstrebar vi å leggje ut varsel på innloggingsida til HyperSys to timar før vedlikehald skjer. Dersom du vil få varsel om hendingar som har med drift å gjere, kan du melde deg på vår e-postliste med skjemaet under.